Ættebøker, Urkegjerde og Sesilie med S

Ein tur heim til Urke leier alltid til ein stor dose nasjonalromantiske kjensler og nysgjerrighet på forfedre og historien til bygda og garden. Bøkene om Hjørundfjorden og ættebøker er alltid spanande. Og med spesialhefter som «Då traktoren kom til Urke,» er ein sikra ei god dose humor og nostalgi.

Det at Hurtigruta for fyrste gong på 20 år legg om ruta og skal leggje til kai på Urke 60 dagar i året, gjer ikkje den stolte kjensla mindre. I år har jula vore roleg (i motsetnad til i fjor med orkanen Dagmar) og det vart god tid til kikk i ættebøker.


Sesilie med S
I følgje Statistisk sentralbyrå er det 32 stk. i Noreg som heiter Sesilie til fornavn. Ikkje rart då at eg ofte får spørsmålet «Heiter du verkeleg Sesilie med S?» Svaret på kvifor ligg også i ættebøkene. Mamma og pappa fann ei Sesilie med S i slekta i ei slik ættebok og bestemte seg med det som bakgrunn. Diverre finn vi ikkje akkurat kvar no, men det var i alle fall inspirasjonen. Ein annan historie ved navnet var at dei ikkje fekk lov å døype meg Sesilie med S. Fordi det ikkje sto i det store navneregisteret. Dei måtte difor døype meg Cecilie og så søkje om endring og betale 50 kr for ny dåpsattest i etterkant.

Ein skulle tru at det var viktig å skrive navn rett i ættebøkene, men :)

Ein skulle tru at det var viktig å skrive navn rett i ættebøkene, men det har dei ikkje klart her..

 

Urkegjerde
Det høyrer med, eit bilete av Urkegjerde. Eg vaks opp på garden til høgre. Urkegjerde er den fremste delen av bygda Urke og består av to gardar.

20121225_133223

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

tweets

"Courage is not the absence of fear but the awareness that something else is more important"
%d bloggers like this: