Ei bygd, 42 menneske, 15 organisasjonar

Eg blir fasinert når eg er heime på Urke og høyrer om eller får innblikk i alle organisasjonane som eksisterer i bygda. No kan det sjølvsagt tenkjast at det ikkje er naudsynt med alle desse organisasjonane, men like fullt imponerande er det. Og dei eksisterer. Det seier mykje om maskineriet i ei lita bygd og om den norske organisasjonskulturen.

Urke ligg i Hjørundfjorden (nabo til den meir kjende Geirangerfjorden) i Ørsta kommune på Sunnmøre. Då eg budde her og gjekk på skulen var det ca 100 innbyggjarar på Urke. På barneskulen min var vi 19 elevar, to i mi klasse. No er skulen nedlagt og bygda har 42 innbyggjarar (uoffisiell teljing). Med andre ord ei bygd trua av fråflytting, men som er godt besøkt av turistar og eit ynda område for hyttetomt. Urke ligg midt i hjartet av Sunnmørsalpane og naturen er heilt fantastisk.

Urke sett frå fjellet Saksa

Tilbake til organisasjonane. Det skal nemleg litt til å få småbåthavn, landhandel, vassverk, kraftverk og meir til å gå rundt. Eg har kome til at det no er rundt 15 ulike organisasjonar med eige styre i bygda. Dette er nokre av dei:

–         Ytre Urke grunneigarlag
–         Ytre Urke vassverk og Indre Urke vassverk
–         Urke Idrettslag (rett nok ikkje særleg aktivt, men eksisterer like fullt)
–         Urke Landhandel AS
–         Urke småbåtlag
–         Ytre Urke bomveg
–         Urke elveiarlag
–         Urke Grendalag
–         Ytre Urke jaktfelt, Indre Urke jaktfelt, Leknes jaktfelt
–         Urke Helselag
–         Urke kailag
(bygda består av Indre og ytre Urke og Leknes)

Nokre av desse organisasjonane kunne nok vore slått saman og hyppigheit i styremøter er nok heller variabel. Men like fullt er dette oppgåver som må oppfyllast dersom ting skal fungere best mogeleg for bygdas ve og vel. Nokon må halde styr på bomvegsinntektene, organisere hjortevaldet, halde ved like småbåthavna, organisere 17. mai feiring, kreve inn vassavgift osv.

Dette seier og mykje om ildjsjeler, naudsynt samarbeid og viljen til å ta vare på bygda si. Og det er bygdeutviklingspolitikk på sitt beste. Butikken i bygda går knapt rundt og var nedleggjingstrua då dei tidlegare eigarane var for gamle til å drive vidare. Då tok bygda ansvar, nær sagt alle dei som budde her kjøpte aksjar og Urke Landhandel AS blei skipa. Alternativet hadde vore ein fergetur for å nå næraste matbutikk.

Urke – ei bygd, 42 menneske, 15 organisasjonar

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

tweets

"Courage is not the absence of fear but the awareness that something else is more important"
%d bloggers like this: